lørdag 8. august 2015

Sommarleg skjørt

Eg har sydd eindel, før eg gjekk ut i ferie, dette har vore fyrste vika etter ferien og ikkje så mykje har blitt gjort på syfronten denne fyrste vika.
Litt av grunnen er fordi eg har flytta syrommet over gangen og inn i eit anna rom, det bjynder å hjelpe seg no meb fy så mykje skrot eg har!
Det har blitt nokre søppelsekkar med søppel, og no mykje (eller vertfall litt) bedre oversikt over kva eg har.
Me (eller mannen om du vil) har og laga ny veg ned til huset, så at eg skulle få sytid har ikkje blitt prioritert så høgt.
Men no er det bare å sette i gang med syinga, så viss lyst og inspirasjon hadde kunne kome tilbake hadde det vore veldig så flott.
Imens får eg vise det eg har gjort før sytørka inntraff, litt har eg tatt bilde av men mykje har blitt tatt i bruk utan å blitt av bilda.

Denne gong blei det bilde av eit heilt enkelt skjørt med ribb i livet, maxiskjørt er så behaglege å gå med!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar