mandag 19. oktober 2015

Tights

Eg er dårlig til å oppdatere bloggen, delvis fordi eg ikkje har sydd så mykje dei seiste månadane.  Eg har blitt student att, på deltid, eg går på Høgskulen på Rauland, kretivmaskinstrikk 1.
Når eg søkte og bestemte meg for å gjere det såg eg nok på detta som litt enklare og noko som ikkje skulle ta frå meg alt for mykje sytid. Men der tok eg grundig feil, for dette hadde eg verkeleg ikkje peiling på. Så det som eg så for meg at eg skulle bruke litt tid på kveldane på har eg så og sei måtte bruka både ledig tid på dagen og i helgene for å ha noko å levere til andre samling. Eg kjem ikkje til å vise mi fyrste innleverte oppgåve for den var rett og slett grusom men eg håpar at eg blir litt meir fornøgd med kommande oppgåve og kan vise litt av det som tek mykje av tida mi akuratt no.
Imens får eg vise fram litt av dagens søm, for i dag måtte eg sette meg framfor symaskina og kjenne på følelsen av å gjere noko som eg kan og får resultat som eg er fornøgd med. Nokre fleir slike stunder å så kjem nok lysten til å prøve meg på strikkemaskina att.
Satser på at lysten kjem snart for det er bare 5veker til eg skal levere inn 2 ferdige genserar, eg har forløpig bare 1 arm ferdig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar