tirsdag 29. desember 2015

Halsar fora med ull

Det har heldigvis blivi litt kaldare att, me får sno istaden for regn og det blir gangans ute.
Når det blir kaldare må ein og kle på seg litt meir, det tek litt tid å bli vant med kulda og hugse å kle på seg litt betre.
Halsar er i dagleg bruk her i heimen, og når dei er fora med ull er dei gode og varme.
Eg hadde bare nokre få rosa att så det var på tide å få sydd opp i litt fleir fagar, desse  blir liggade tilsalgs i utsalget her i Arabygdi.

lørdag 26. desember 2015

Ullsingletter

Dette var ei bestilling, ullsingletter i str M. Litt seint ute med å få levera så bilda blei tatt i full fart, men det blei tatt bilde vertfall. Har glømt å tatt bilde av fleir ting no før jol, eg har og sydd litt til utsalget som ikkje har blitt dokumentera. Får ta ein sjau over jol!
Me nyt late romjolsdagar, og symaskina har hatt fri eit par dagar, eg har planer om å snike til meg litt sytid i dagane framover så får me sjå om det blir som eg har tenkt 😊

torsdag 17. desember 2015

Spissluvur

Nokre spissluver blei sydd før eg skulle vera med på damenesaften, desse er i bomull.
Hadde veldig planer om å få sydd nokre luver i ull og no er dei undervegs. Kanskje litt i seiste liten sidan jola straks er her og dei fleste jolegåver er ordna, men det er vel nokre som treng luver etter jol og 😊

torsdag 10. desember 2015

Bukse

Mini trong fleire joggebukser så då var det bare å sy, eg har tidligare prøvd meg på eit baggybukse mønster men blei ikkje heilt forøyd. Denne buksa er laga ut frå samme mønster men etter litt forbedringar, og denne gongen blei det meir som eg hadde tenkt.

onsdag 9. desember 2015

Tskjorter i ull

Minstemann vil helst bare gange i tskjorte, året rundt. Eg syns det blir litt kalt etterkvart, så då blir det til at ein må sy ulltskjorter. Han hadde nokre frå før men desse bjynda å bli små og den som vaskar kleda i huset er ikkje effektiv nok, så då måtte sydama sy nokre fleir.

Genserar

Eg prøver å få sydd opp litt klede innimellom maskinstrikk og frisering, det var veldig utplukka i strørrelsar i genserane eg hadde liggande. Så då blei det sydd opp litt fleir så det blei litt bedre utvalg.