mandag 14. mars 2016

Kjolar

Desse kjolane er ei god beite sia dei blei sydd men det tok si tid før eg tok bilde av dei, og endå litt meir tid før eg fekk lagt dei ut her.
Det er mykje som skjer om dagane så blogg og dokumentering av det som blir gjort blir ned prioritert.
Eg har no vore ei veke på Høgskulen på Rauland, der bjynda me på del 1 av eksamensoppgåva i Kreativ maskinstrikk. Eg har kome meg gjennom alle heimeoppgåvene me har hatt så no står eksamen att som er delt i 2 delar for å få fullført 1året. Det er hektisk men veldig moro, eg kjem og litt på etterskot i salongen når eg er vekke ei veke i slengen, så no er det fult opp fram til det er litt påskeferie.
Eg skal prøve å få tatt litt bilde av det eg har strikka til no på studie eg går, og få lagt det ut. Pluseleg ein dag ☺

tirsdag 1. mars 2016

Heildressar

Det blir lite søm for tida, det meste av tida innimellom kundane blir bruka på strikkemaskina. Jammen bjynder me og bli vener eg og Silver reeden, eg er nesten i mål med oppgåver som skal leverast før eksamensoppgåva blir utlevert til veka. Nokre timar til med dataen så blir det bra, eg skal få tatt litt bilder og.
I mens får eg legge ut bilder av litt søm, for litt avkobling må ein ha innimellom. Denne gongen blei det nokre heildressar, både for små tassar og støre tassar 😊