mandag 14. mars 2016

Kjolar

Desse kjolane er ei god beite sia dei blei sydd men det tok si tid før eg tok bilde av dei, og endå litt meir tid før eg fekk lagt dei ut her.
Det er mykje som skjer om dagane så blogg og dokumentering av det som blir gjort blir ned prioritert.
Eg har no vore ei veke på Høgskulen på Rauland, der bjynda me på del 1 av eksamensoppgåva i Kreativ maskinstrikk. Eg har kome meg gjennom alle heimeoppgåvene me har hatt så no står eksamen att som er delt i 2 delar for å få fullført 1året. Det er hektisk men veldig moro, eg kjem og litt på etterskot i salongen når eg er vekke ei veke i slengen, så no er det fult opp fram til det er litt påskeferie.
Eg skal prøve å få tatt litt bilde av det eg har strikka til no på studie eg går, og få lagt det ut. Pluseleg ein dag ☺

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar