fredag 20. mai 2016

Kjappstrikka drakt

Det har blitt litt strikking i det siste, både på maskin og for hånd. Det er lite eg har strikka dei siste åra, det som har blitt gjort er heilt enkle ting som sokkar og votter til ungane men no som det viste seg at det var ei lita jente som er i magen kom plutselig lysta til å strikke litt meir.
Det fyrste som blei strikka er ein kjappstrikka drakt, denne har eg sett mange som har strikka før meg og lysta til å strikke fleir er heilt klart der.
Eg har og ein kjole og ei selebukse som ventar på knappar før dei er heilt ferdige, det er heilt klart ein fordel å strikke babyklede det blir så fort ferdig!

Eg har masse planar for strikkemaskina og, så får me sjå om det blir noko av dei ☺

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar