onsdag 28. februar 2018

Ånondbukse

Denne har lege lenge, halvgjort. Ting blir gjerne liggande viss det ikkje blir heilt som  det var tenkt. Men no, ein to - tre år seinare, eigaren som denne var tenkt til har forlengst vokse ut av både denne og mykje anna, no blei den ferdig. Heldigvis har det kome ei ny i familien sidan denne blei påbegynt, no kan ho få fylle Ånondbuksa. Fargerik og sprudlande, akuratt som ho. Det er vell eigentleg slik barneklede skal vera, fult av fargar og liv. Og ikkje minst denne passer like bra til Annemor som til Ånond, god å springe rundt i, akuratt slik ungar skal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar