tirsdag 6. november 2018

Scrunchie av stoffrestar

Det blir mykje stoffrestar når ein syr, mesteparten samler eg i ei kasse der ungane har fri tilgang, då kan dei lage det dei vil av restane.

Men det er begrensa kor mykje dei får brukt opp, så litt små prosjekt er kjekt så ein får minska litt på haugen. 

Denne gongen blei det scrunchies, fekk inspirasjon  etter å ha sett på sysnappen. Desse kan jo vera greie gåver å putte i ein julekalender, eller sammen med litt anna i ei gåve eller jolegåve. 

Det er bare å få sydd opp fleir!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar